– Det andre kallar «berekraft» kallar vi å «ta vare på». Nettopp desse verdiane deler vi med De Historiske. Det gjer dette samarbeidet så fint og viktig, seier Trine Lerum Hjellhaug. Foto: Lerum

– Det andre kallar «berekraft» kallar vi å «ta vare på». Nettopp desse verdiane deler vi med De Historiske. Det gjer dette samarbeidet så fint og viktig, seier Trine Lerum Hjellhaug.

Foto

Lerum

Lerum og De Historiske med historisk samarbeid

Publisert: 27. april 2023 kl 09.25
Oppdatert: 28. april 2023 kl 09.01

­Bæra er handplukka og foredla til eit syltetøy med heile 70 prosent bringebær .

– Vi er stolte over historia vår, og eit samarbeid med De historiske passar oss derfor godt, seier administrerande direktør i selskapet, Trine Lerum Hjellhaug, i ei pressemelding.

Frå garden på Sørheim dreiv Kari og Nils Lerum ein triveleg landhandel. Foto: Lerum

Frå garden på Sørheim dreiv Kari og Nils Lerum ein triveleg landhandel.

Foto

Lerum

Eksklusivt

Syltetøyet vil ein kun få kjøpt hjå De Historiske Hotel og Spisesteder, og bør ifølge Hjellhaug vere ein god grunn til å besøke eit av hotella dei neste månadane. 

– Dette er eit syltetøy vi er spesielt stolte av. Oldeforeldra våre skulle berre visst at vi 116 år etter at dei starta Lerum fortsatt lagar syltetøy med bær frå garden på Sørheim, seiar Hjellhaug som innrømmer at ho har fått tak i eit par glas ho har teke med seg heim.

Felles verdiar

I dag er det fjerde generasjon Lerum som gir deg smaken av Sogn, men også De Historiske arbeidar for å ta vare på ekte norske tradisjonar.

– De Historiske set si stoltheit i å ta vare på kulturarven dei 67 hotella og 20 stadane å ete representerer, seier Nils Henrik Geitle, dagleg leiar hjå De Historiske.

– Det er naturleg for De Historiske hotell å ha eit søkelys på autentisk, kortreist mat. Det passar akkurat dette syltetøyet spesielt godt. De Historiske set norske råvarar med lokal identitet og historie i fokus.  I tillegg har hotella eit bevisst forhold til vertskapsrolla, der historieforteljinga dannar ramma for opplevingar innan både overnatting og gastronomi.

Nils Henrik Geitle fortel vidare at samarbeidet med Lerum er basert på at dei deler felles verdiar der lokale råvarer og historie er viktig for historieforteljinga.

– Slike samarbeid som dette er både riktige, viktige og nyskapande og eit eksempel på korleis ein sikrar gode historiar til gjestene med kvalitet frå jord til bord.

Ledige stillinger – Dagligvarejobb