– Eg er ingen kremmar

Publisert: 15. oktober 2010 kl 00.00
Oppdatert: 11. desember 2014 kl 07.58

1. Hvor handler du?

– På Kiwi på Karlsrud, for det er nærast, og har no også fått 4 Korn, så då er kvardagshandelen i boks. Ellers blir det Rema 1000, men det blir for variasjonen, i den grad variasjon er rett å bruke på denne type butikk. Når me skal flotte oss, handlar me på Jacobs’ på Holtet.

2. Hva har du alltid i kjøleskapet?

– Gulost, brunost, mjølk og Bremyk, alt frå Tine av bondepolitiske årsakar.

3. Når kjøpte du pølsemeny på en bensinstasjon sist?

– På laurdag, då me lanserte plata mi på Statoil. Måtte jo koma i bensinstasjonstemning.

4. Hva er din verste handleopplevelse?

– Tja. Det var eit vanskeleg spørsmål. men det kan ha vore på Ikea. Eg er veldig avhengig av service, då eg ikkje er god til å leite.

5. Hva er det særeste du har spist?

– Glasmanet på restaurant i Kina. Det smaka som forventa, men konsistensen var overraskande trå.

6. Hadde du blitt en god kjøpmann?

– Eg hadde ikkje blitt ein god kjøpmann, trur eg. Eg er ingen kremmar, og så er eg også litt rotete. Hadde nok gått litt i surr med ferskvaredisken, som fort hadde blitt til «ferskvaredisken».

7. Hva slags produkter savner du i norske dagligvarebutikker?

– Det er lett å sei at ein ynskjer seg meir mangfald, og det gjer ein jo, også. Men sjølv om artisjokken hadde stått rett ved kassa, hadde eg nok ikkje handla den så ofte, likevel.

Saken fortsetter under annonsen

8. Hvor mye koster en liter melk?

– Det veit eg ikkje. Mellom 10 og 20 kroner.

9. Når handlet du på Svinesund sist?

– Eg har aldri handla på Svinesund.

10. Hva vil du si til norsk dagligvarebransje?

– Det eg saknar i butikken er gode og sunne, men vanlege ting. Kvifor er varer som brød pumpa opp med fargestoff og gluten for å bli mjukare og sjå sunnare ut? Og kvifor er kjøtmaten pumpa opp med salt og vatn og skumle ting berre for å få det til å sjå meir ut, og for å få mat som ikkje smakar til å smaka? Kvifor er posesuppa så salt at ein unge kan dø av å eta den? Kvifor får ein kjøpt muffins som er like god om eit år, men full av ting som ikkje er mat, i alle fall? Kvifor er potetgullet i dobbelt så store posar no som for 20 år sidan? Og kvifor er sjokolada tre gonger så stor? Eg har ikkje godt av det.

Ledige stillinger – Dagligvarejobb